Tilverkinga av tønner i indre deler av Dalsfjorden utvikla seg til ein heil industri i første halvdel av 1900-talet, med Dale som sentrum.
Då vårsilda vende tilbake til Vestlandet i 1808, skulle det bli starten på ein lang vekstperiode for fiskeria. Tiåra 1850-1870 var kanskje dei mest eventyrlege, og også folk frå innlandet reiste ut på kysten for å delta, i 1868 over 300 mann berre frå Gaular og meir enn dobbelt så mange frå Fjaler. Det rike fisket skapte dessutan ei anna næring, tilverking av tønner. I byrjinga utøvd som handverk, ofte av fiskaren sjølv, som frakta med seg sine eigne tønner for å fylle dei opp med salta sild. Alt i 1753 hadde det kome ei forordning som gav bøndene sjølve lov til å framstille tønner for sal, og det var fjordbygdene med sin rikelege tilgang på skog til materialar som vart åstad for tønneproduksjonen. Så også Dale.
På byrjinga av 1900-talet, og særskilt under jobbetida under første verdskrigen, endra tønneproduksjonen karakter, frå ei attåtnæring for bøndene til fabrikktilverking. I 1915 starta Dale Tønnefabrikk A/S opp si verksemd i Dale, omtrent samstundes med Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk. Fabrikkane laga ikkje berre tønner, men dreiv også sildesalting. I byrjinga var det mykje sesongarbeid, men etter kvart som sildeflåten vart havgåande, vart det i aukande grad heilårsdrift.
I byrjinga av 1950-åra hadde dei to fabrikkane kvar 20-30 tilsette og ein årsproduksjon på 50 000 sildetønner, og dessutan stor produksjon av trantønner. Men sildeeventyret skulle ikkje vare evig. I 1960-åra minka fangstane dramatisk og kring 1970 var det heilt slutt. Samstundes tok plasttønnene over og utkonkurrerte tretønnene. Dale Tønnefabrikk heldt ut lengst, den siste tida ved å produsere tønner til bruk som møblar. Men då fabrikken brann ned i 1987, var det heilt slutt med produksjon av tønner i Dale og Norge.
Av Gaute Losnegård